Forestillinger Fullt program Multiplié dansefestival
Pris
Betal det du kan 75kr – 250kr
Sted
Rosendal Teater - Sal 1
Lengde
80 min
lørdag 20. april 2024 - kl.20:00 Billetter

Tilgjengelighet: Tegnspråktolkes på norsk

Tegnspråktolkning:
En tegnspråktolk tolker og gjengir det som ellers fås gjennom hørselssansen. Også her kreves det noe forarbeid, og det er vanlig at tegnspråktolken ser prøver for å danne seg et bilde av forestillingen og det som skal tolkes. Tegnspråktolken står vanligvis i utkanten av scenerommet, men med lys på seg slik at de er godt synlig for publikummerne som benytter seg av tilbudet.

Les mer om tilgjengelighet og tilrettelegging

Aldersgrense 16+

Spekulativ og spektakulær glamour

Suksess legg premissen for handlinga i ei framsyning som ikkje kan anna enn å strekke seg mot glamour og det spekulativt spektakulære. I Kalokagathia møtast fem utøvarar i ei blanding av dans, levande musikk, tekst, motekolleksjon, tekstilinstallasjonar, levande tablå og superheltkostyme.

Det gammelgreske uttrykket kalokagathia skildrar ein samanheng mellom moralsk stordom og vakker utsjånad – eit giftig faktum som har fylgt menneska frå antikken til i dag. Framsyninga skildrar ulike suksesskroppar i ulike suksesscenario: På ein raud løpar, ein popkonsert, ei prisutdeling, ei motevisning og ei galleriopning. Suksesskroppane er på den eine sida frigjerande og oppbyggjande, men samstundes grufulle, giftige og uoppnåelege.

Kalokagatia, (af gr. kalokagathia, af kalos ‘smuk’, kai ‘og’ og
agathos ‘god’), et gammelt attisk gentleman-ideal, der sigter mod at
gøre mennesket «smukt» og «godt» på krop og sjæl, dvs. bygger på
sammenhængen mellem fysisk og psykisk «skønhed». Ofte
associeredes idealet med konservative moralforskrifter.”

Danske ordbog

Kunstnarane i Kalokagati  trekkast mot idealdyrking, kynisme og alt som er overflatisk. Dei er interesserte i framstillinga av idolet. Korleis verka kroppsideal inn på måtane vi rører oss på? Glamour og forføring gjer at vi kopierer og imiterer kvarandre. I Kalokagati samplar dei lyden av suksess og spør: Korleis speglar vi oss i menneska vi ser opp til, og kvifor gjer vi desse kroppsbileta om til ein del av vår eigen identitet?

«Vi idealiserer somme menneske og trekkjer oss vekk i frå andre, eit menneskeleg instinkt som handlar om å passe inn ved å måle seg med dei i stammen som er «best» i det dei gjer. Kva oppgåver blir gitt verdi i samfunnet i dag? Korleis koreograferer dette oss? Kalokagathia undersøkjer imitasjon av samtidas og suksessfokus i samtida, samstundes gir framsyninga eit skråblikk på kva som blir gitt verdi i dagens samfunn.»Mats Høstaker og Maya Vik har skapt eit musikkverk som bygger på formene til eit dekonstruert pop-album. Musikken er inspirert av hyper-pop som kjenneteiknast ved å spele på lett gjenkjennelege tyggegummi-pop-klisjear, blanda med eit lydbilete som yter motstand og forvirrar – stygt og pent på same tid. Designar og kunstnar Anne Karine Thorbjørnsen har skapt kostymer og scenografi som tek utgangspunkt i draperi og folder – inspirert av antikke skulpturar, moten av samtida og superheltar.

Foto: Tale Hendnes

Medvirkende

Dans, koreografi, tekst og kunstnarisk leiingJonas Øren
DansUlf Nilseng, Jessica Lauren Elizabeth Taylor, Ayesha Jordan & Helge Freiberg
Komponist:Mats Høstaker
Song og tekstMaya Vik
Lysdesign:Yasin Gyltepe
Kostyme og scenografi:Anne Karine Thorbjørnsen
Lydteknikar:Ragnhild Nelvik Bruseth
Produsent:Ingeborg Husbyn Aarsand
Ytre auge:Camara Lundestad Joof
Co-produsert av:Dansens Hus, DansiT, RAS, Sprang Landsdelscene, Dansekunst i Østfold, Bergen Dansesenter
Støttet av:Sprang Landsdelscene, Dansekunst i Østfold og Østfold Internasjonale Teater, Bergen Dansesenter
Kulturrådet (NKF – Fri scenekunst Prosjektstøtte dans og Komposisjon og produksjon av musikk), FFUK