Forestillinger Fullt program Multiplié dansefestival
Pris
190 / 130
Sted
Verkstedhallen Scene
torsdag 4. april 2019 - kl.20:00

Lightness: Fleire er eit fleirstemmig, koreografisk kollektiv

Korleis kan vi produsere eit kollektiv der vi arbeider saman, med rom for kompleks og individuell utøving? Lightness: Fleire undersøker korleis vere saman utan å verte det same; der det kollektive handlar om å legge til rette for eit fleirstemmmig fellesskap, eller sagt med musikken; for polyfoni. Sameksistens av ulike dansar og kostymer, eit landskap av lys og stemmer der alle materiala og uttrykka får ha sin eigen taktilitet og sitt eige sjølvstende.

Å danse saman er eit fenomen der ein kan praktisere eit fellesskap, der vi gir kvarandre både røtter og venger. Lightness er ein overgripande tittel på kunstnarlege arbeid som utforskar korleis koreografi kan manifestere seg i fleire uttrykk på same tid. Lightness er ei øving i å halde seg levande, eit arbeid som ynskjer å produsere eit overskot fleire kan ta del i. Lightness er initiert og leia av Solveig Styve Holte, og utviklast i samarbeid og friksjon med alle dei involverte.

Billetter

Medvirkende

Initiativ og kunstnarleg leiing: Solveig Styve Holte
Dans og koreografi: Pernille Holden, Ann-Christin Berg Kongsness, Marte Reithaug Sterud , Solveig Styve Holte
Kostymer og scenografi: Fredrik Floen, Matilda Karlstrøm
Musikk: Hanna Gjermundrød
Lys og scenografi: Elisabeth Kjeldahl Nilsson
Ytre auge: Loan Ha
Coprodusert av: Dansearena Nord og Dansens Hus
Støtta av Norsk Kulturråd